Lupus- og sjøgrenkonferanse i Molde
Sett av fredag 19. mars 2010! Då blir det arrangert konferanse på Quality Hotel Alexandra i Molde. Spesialistlege
i revmatologi
Hans- Jacob Haga vil informere om diagnosene lupus og sjøgren.
Representantar frå Møre og Romsdal lupus- og sjøgrengruppe og fylkeslaget er i gang med å planlegge konferansen. Det blir innlegg både frå brukarane og fagpersonell. Konferansen tek til 10.45 og varer til omlag 16.15. Fatima Lavoll, leiar i landsstyret for lupus i Norsk Revmatikerforbund, får æra av å åpne konferansen.
Hans-Jacob Haga er ein stor kapasitet innan faget og har stått i spissen for å få merksemd på desse diagnosane. Rapporten "Fit for work" viser sosiale og økonomiske konsekvensar i samfunnet for grupper innan muskel- og skjelett. Vårt mål er at det skal vere eit nettverk i fylket gjennon lokallag og Møre og Romsdal lupus- og sjøgrengruppe.
Påmelding
Ta kontakt med fylkeslaget for påmelding: Telefon 70 06 87 13 / 913 85 956, e-post: khoeydal@online.no eller nrf.more-romsdal@tussa.com
Prisen er 300 kroner per deltakar som dekker både konferansen og lunsj. Du kan sende beløpet til konto 3992 30 58560 eller betale på konferansen.
Programmet
| 09.30 | Registrering fram til opninga |
| 10.45 | Opning ved Fatima Maria Lavoll, leiar i Lupus Norge |
| 10.55 | Å leve med Lupus ved Lisbeth Bjørneseth Myklebust |
| 11.10 | Systemisk Lupus Eryhematosus, spesiallege i reumatologi, Professor Dr. med Hans-Jacob Haga |
| 11.50 | Pause |
| 12.00 | Professor Dr. med Hans-Jacob Haga held fram |
| 12.45 | Rapporten FIT for Work, Per Aabakken |
| 13.00 | Lunsj |
| 14.00 | Kulturelt innslag |
| 14.20 | Møre og Romsdal Lupus- og Sjøgrengruppe |
| 14.30 | Å leve med Sjøgren ved Jorunn Gaupseth |
| 14.45 | Pause |
| 15.00 | Sjøgren syndrom, spesiallege i reumatologi, Professor Dr. med Hans-Jacob Haga |
| 16.15 | Takk for følgje! |




