Tur til Pers Hotell på Gol 13. - 15. april 2012
Me har bestemt at det vert tur til Gol denne helga og vil no ha bindane påmelding innan 7. mars
Pris tilbod frå hotellet er kr 1900,00 pr person i dobbeltrom
Enkeltrom kr 2400,00 pr person i enkeltrom weekend.
Prisane inkluderer: Halvpensjon med fylgjande måltider: Middag fredag, frukost og middag lørdag og brunch søndag. Eventuelt tillegg for lunsj laurdag på kr 175,- pr person.
Underhaldning: Dansebar/Nattklubb i den nye dansesalong Bar 2. etasje. Pelle Diskotek kvar laurdag frå kl 23.00
Tropicana & SPA: 50% rabatt på inngang til Tropicana Badeland. 20% rabatt på utvalte behandlingar i Oline Spa fredag og søndag, ved bestilling på førehand.
Medan me er på Gol skal me på tur til Bjørneparken laurdag, med avreise frå hotellet kl 10.00 og kjem att kl 15.00.
Elles har Oline Spa ope om fredag og laurdag til kl 19.00 og sundag til kl 15.00 for mange ulike Spa behandlingar, ta kontakt med leiar på tlf 97684890 for tinging av spa-time Me har reservert nokre plassar...
Gol sentrum har og ein del å by på. Mange ulike butikkar, kafèar, antikvitet handel, Glasblåser verkstad med utsal av mykje fint som vert laga der.
For å gjera helga rimeleg og avslappande har me snakka om å ta toget frå Voss. Me veit jo ikkje om vinteren vert lang eller korleis ver og føre vert….
Laget vil sponsa turen til Bjørneparken for medlemer, elles kostar det kr 575,- (buss tur/retur, omvising og lunsj i parken).
Høyres dette intressant ut, ta kontakt på tlf 97684890 snarast og innan 7. mars
Ullensvang Revmatikarlag har plass til fleire medlemer, så me vert glad om du melder deg inn i laget og vert med oss på turar..
