Revmatikeren 6-2011

Nettutgaven av Revmatikeren ligg no på vår bladkiosk www.Zinio.com


Slik går du fram: Velg norsk flagg og norsk språk.
Då får du opp norske blad som brukar denne distribusjonskanalen. Siste utgåve av Revmatikeren ser du med ein gong. Klikk på det og få fram alle digitale utgåver av bladet.
Bruk alternativt denne lenken for direkte inngang

Her kan du bla i alle utgåvene. Innhaldslista står på alltid på side 3. Ved å klikka på den aktuelle artikkelen, kjem du direkte til det du leitar etter. Du kan lesa enkeltartiklar på nett eller skriva ut. Kvaliteten er ikkje særleg god, og det er begrensa kor mange artiklar du kan lesa kvar gong du går inn som gjest i kiosken. Dersom du vil ha full tilgang til digitalt blad, er det mogleg å kjøpa enkeltutgåver.

Registrerer du deg derimot som digitalbladsmedlem (på mitt medlemsskap eller kontakt medlemsregisteret) får du full kiosktilgang til alle blad gratis. Du får meldig på e-post straks bladet er klart på nett, tidlegare enn det kjem i posten til andre. Då kan du også lasta bladet ned på din eigen maskin i god teknisk kvalitet. Du kan lesa utan å vera på nett, og dela det med andre. Bladet har du i ditt eige arkiv ”til evig tid”, i tilfelle du vil slå opp i det som sto tidlegare ein gong.

Har du tips og innspel til Revmatikeren, kan du senda ein e-post til redaktøren.

Innhold i dette bladet

 

Artikler
NRFs landsmøte 2012
SLE-forskning – BAFF og nyresykdom 
Sjögrens syndrom, hva hvordan og hvorfor 
 
Les også om
Statsbudsjettet 2012 
Organdonasjon
WMC – medisinsk identitetskort
Notiser 
Extra-tildelingen 2012 
Sykt aktiv
Julesider 
 
Faste spalter
Leder 
Redaktørsida 
Prosjekt: Extra nettverksbygging 
Reuma-Sol – sosialt liv 
BURG – foreldreforum 
Landet rundt
Bare spør 
Fra forbundskontoret  

 

 

Tema: Revmatisk auge

Ein del med revmatisk sjukdom får augeproblem. Særleg dei med spondylartrittar og barneleddgikt er utsett for regnbogehinnebetennelse. Revmatikeren har denne gongen intervjua ein augelege som fortel kva som skjer i auget, og korleis denne sjukdommen blir behandla. Ein barnelege fortel om dei spesielle prosedyrane som gjeld for barn med leddgikt. Me har intervjua Henrikke, som har hatt problem med auga sidan ho var to år, og med Helene som fekk akutt betennelse som ung vaksen. Og me har snakka med Ole, som har god nytte av akupunkturbehandling mot regnbogebetennelse.

Ei revmatikargruppe som har særleg mykje augeplager, er dei med Sjögrens syndrom. Men her er det ikkje snakk om betennelse, men for lite tårevæske. Det er årsaka til at auga kjennest som sandpapir. Det kan vera svært smertefullt, men går ikke direkte ut over synet, fortel augelegen.

Flere artikler i dette bladet (PDF)

Randi Alsnes

Redaktør
Tlf: 22 54 76 06
E-post: ra@revmatiker.no

Hans-Jacob Haga

Professor og revmatolog