Feilinformasjon i Revmatikeren

Lupus/SLE er ikkje på a-lista
I Revmatikeren nr 3/10 står det at lupus/SLE er på den såkalla "a-lista" over sjukdommar som gir rett til gratis tannbehandling.
Dette er ikkje korrekt. Diagnosen vart fjerna frå a-lista i 2009.
Revmatikeren henta opplysningane frå nettsidene til NAV, som altså ikkje hadde oppdatert informasjon.
NAV beklagar dette på det sterkaste overfor Revmatikeren og lesarane.
