Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Hordaland / Årsmøte i Stord Helsepark!
Støtt oss

Årsmøte i Stord Helsepark!


Skrevet av: Stord / Publisert: 13.02.2024 / Oppdatert: 13.02.2024


Onsdag 21.februar, kl.18.30 har laget årsmøte i kantina i Stord helsepark.   

Laget vårt har 240 medlemmer, og det er stor aktivitet.  Me er så heldige å få leiga bassenget på Rehabsenteret.

Der får du vassgymnastikk med utdanna instruktørar, som veit kva som er gode øvelsar for ein revmatisk kropp.

Bassengtreninga er alfa og omega i laget, men det fins andre tilbod og.  Det er 13 personar som har tatt kurs i likepersonsarbeid.  Styret består av 5 styremedlemmer og 2 vara.

På årsmøtet får du vita kva laget har gjennomført i fjor, og kva som er planlagt dette året.

Årsmøtet er laget sitt øverste organ, og stemmer over forslag som er komme inn.

Ein valkomite har i haust arbeidd med å finna nye medlemmer til styret, og styret blir valt på årsmøtet.

 

I år vil naparapat Kjersti halda eit lite foredrag om tilbodet ho gjev i Helseparken.

Det blir servert kaffi og rundstykke, og du får eit lodd i inngangen.  Heldig vinnarar får ein liten gevinst.

Vel møtt!