Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Møre og Romsdal / Årsmøtesamling i Ålesund 21.-22. mars 2026
Støtt oss

Årsmøtesamling i Ålesund 21.-22. mars 2026


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 27.03.2026 / Oppdatert: 28.03.2026


Årsmøtesamling i Ålesund 21.-22. mars 2026

Norsk Revmatikerforbund Møre og Romsdal fylkeslag hadde 21.-22. mars 2026 årsmøtesamling på Scandic Parken i Ålesund.

Rundt 50 tillitsvalgte var samla til faglig påfyll , og helga vart avslutta søndag med årsmøte i fylkeslaget.

Laurdag starta med lunsj, før Fylkesleiar Sissel Egset Håskjold helsa alle deltakarane velkomne. Representantar for lokallaga fortalde om kva planar dei har for 2026. Og det er ikkje lite!

Denne helga hadde vi også besøk av Asbjørn Halsebakke frå Forbundsstyret, og Fagsjef Interessepolitikk Ann Kristin Bakke.
Ann Kristin holdt eit innlegg om interessepolitikk, og viktigheita med å halde kontakt med politikarar, både på storting, fylker og kommuner!

Asbjørn holdt Organisasjons-kurs for oss, og hadde blant anna fokus på det å være ny i eit styre. Kva betyr omdømme til styre og forbund, og at det er viktig med god inkludering i ein organisasjon.

Søndagen hadde fylkeslaget opplæring for for dei tillitsvalde i både Teams ved Fylkesrådgiver og redigering av nettsider ved Fylkesveileder Ann-Elin Brekke.

Etter lunsj søndag, var det duka for årsmøte med valg.

Før vi starta valget av nytt styre, hadde vi ei utvida pause der vi med stor kake markerte NRF sitt 75 års jubileum!

 

Det nye styret ser slik ut:

Fylkesleiar, Sissel Egset Håskjold frå Volda

Nestleiar, Heidi Reistad frå Tornes i Romsdal

Kasserer, Oddrun Stensø Nasvik frå Sunndal

Studieleiar, Siw Stavik frå Vestnes

Styremedlem (BURG), Nina Skoglund frå Kristiansund

Vara 1, Terje Johnsen frå Smøla

Vara 2, Hildur Lid Hole frå Herøy