Høyanger Revmatikarforening hadde kurs i Middelhavskost 28.-29.oktober
Høyanger Revmatikarforening hadde kurs i Middelhavskost 28.-29.oktober på skulekjøkkenet til grunnskulen i Høyanger, der 12 damer deltok.
Britt Skau var på kurs i Oslo tidlegare i år i regi av NRF og kunne difor halde kurs i lokallaget.
24 ulike rettar vart laga og kurset gjekk over 2 dagar, fordelt på 3 timar kvar dag.
Det var og litt teori om middelhavskost og kvifor den er eigna for revmatikarar.
Alle rettane var enkle og raske å lage, ein treng ikkje bruke mykje tid på å lage ein middagsrett. Mykje smak, mange vegetarrettar, fisk, kylling mm.