Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Møre og Romsdal / Julehelsing frå Volda/Ørsta Revmatikerforening
Støtt oss

Julehelsing frå Volda/Ørsta Revmatikerforening


Skrevet av: Volda/Ørsta / Publisert: 19.12.2023 / Oppdatert: 19.12.2023


Julehelsing frå Volda/Ørsta Revmatikerforening

Styret i Volda/Ørsta Revmatikerforening ynskjer alle god jul og godt nytt år!

I år har vore eit spesielt år for Volda/Ørsta Revmatikerforening. Dei som har vore innom lagslokalet vårt i haust har sett at vi har fått det flott. Vi har fått stort møterom og ikkje minst nytt kjøkken. Takk til alle som har lagt ned mange dugnadstimar for å få til dette.

Aktivitetane våra tek no ferie, men plutselig er det eit nytt år og vi er snart i full drift igjen. Det første som startar er instruktørbadinga og saltrimmen, med oppstart torsdag 4. januar. Open dag startar torsdag 11. januar og ope møte vert tysdag 30. januar.