Hopp til innhold
Støtt oss

Tema er tarmen


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 17.01.2019 / Oppdatert: 17.01.2019


Invitasjon til konferanse fredag 22. mars 2019 Scandic Parken Hotel i Ålesund

Om lag ein million nordmenn har mageproblem og får redusert livskvaliteten i stor grad. Medlemmer viser til kroniske sjukdomar som Ulcerøs kolitt, Chrons sjukdom som begge er betennelsessjukdomar i immunforsvaret eller sekkeposten «irritabel tarm». Magesmerte, oppblåst, kvalme, nedsett matlyst og vekttap er stikkord for daglege utfordringar. Det kan gå lenge før diagnose blir stilt og det kan gå fleire år med undersøkingar og masse plager for både unge og vaksne, kvinner og menn. Årsaka til sjukdomane er ukjent, men i stor grad kjenner ein til kva som kan påverke utvikling av sjukdommen.

09.30 Registrering fram til opning av konferansen
10.30 Opning av konferansen
«Utfordringar med tarmen» Tina Lindseth, Ålesund Revmatikerforening
11.00 « Bakteriefloraen i tarmen og revmatisk sykdom»
Overlege Øyvind Midtvedt, overlege revmatologisk avdeling, Rikshopitalet Oslo universitetssykehus
12.30 Lunsj
13.30 «Magevennleg kosthold»
Klinisk Ernæringsfysiolog Dijana Stupar, Diakonhjemmet Sykehus
14.10 Tren tarmen – fysioterapeut
15.00 Kulturelt innslag blir ved Lill Szeflinski på fiolin og Jan Hovden på piano.
15.20 NRF Møre og Romsdal, Dagny Venke Villa, leiar
15.30 Takk for at du kom!
 

Møteleiar: Greta K. Herje

Påmelding til kho@revmatiker.no

Telefon  91385956

Fleire lokallag sponsar konferansen til medlemmer. Deltakarkontingent på kr 500 som inkluderer lunsj til konto 3992 30 58560 NRF Møre og Romsdal fylkeslag, merka konferanse. Du kan også bruke Vippsnr 125409