Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Møre og Romsdal / Volda/Ørsta Revmatikerforening arrangerer vårfest
Støtt oss

Volda/Ørsta Revmatikerforening arrangerer vårfest


Skrevet av: Volda/Ørsta / Publisert: 25.04.2024 / Oppdatert: 25.04.2024


Volda/Ørsta Revmatikerforening arrangerer vårfest

Tysdag 30. april kl. 19.00 inviterer vi i Revmatikerforeninga til den tradisjonelle vårfesten. Som vanlig vert festen på Ørsta kulturhus.

Det vert heilt som før, med program, mat, åresal og trekking av vårlotteriet.

Som vanlig har vi fått tak i flott underhaldning. I år er det blandakoret Cantando som kjem og syter for fin musikk og song til oss.

Det vert orientering om aktiviteten foreininga legg opp til no i vårhalvåret. Målet for den tradisjonelle vårturen/bussturen vert presentert, og det vert høve til å melde seg på allereide på vårfesten.

På alle arrangement foreininga har så er det god mat. Vårfesten er vide kjend for sitt store smørbrød- og kakebord, og det vert sjølvsagt slik i år også.

Vi tek ikkje inngangspengar, og maten er gratis, men vi håpar at dei flotte gevinstane vi har ordna fristar til at alle kjøper mange årar.

Sal av lodd til Vårlotteriet har no gått føre seg ei stund. Vi har vore på kjøpesenter og butikkar, og det er råd å kjøpe lodd på vipps (til Aase Gerd på tlf. 91554131). Har du ikkje funne oss nokon plass og sikra deg lodd er det ikkje for seint. Vi sel lodd heile kvelden, og avsluttar med trekning av alle dei flotte gevinstane.

Som vanlig er festen open for alle, ein treng ikkje vere medlem for å delta på våre arrangement.

Vel møtt til ein trivelig kveld, med godt program, god mat og godt selskap!