Revmatikeren
Revmatikeren er NRFs medlemsblad.
Opplag ca 38 000. Det er ei viktig informasjonskjelde for medlemmene. Her kan du lesa siste nytt om forsking og revmatisme,
og om andre sine erfaringar i kvardagslivet. Her får du også informasjon om medlemstilbod.
Ein del av dei større artiklane i bladet kjem på nettet, men bladet inneheld også mykje informasjon som ikkje blir publisert
her. Alle medlemmer får Revmatikeren i posten seks gonger i året. Vil du bli medlem og få Revmatikeren tilsendt, kan du klikka
på "Bli medlem" på menyspalta til høgre.
For å lesa innhaldet i bladet klikkar du på "Årets utgivelser", eventuelt "Tidligere utgivelser" på menyspalta til venstre. Her kan du klikka deg fram til det bladet du ynskjer å lesa innhaldet i. Nytt frå hausten 2010
er at heile bladet blir lagt ut på den digitale bladkiosken Zinio. Les meir om dette under menypunktet digitalblad.
Er du på jakt etter eit spesielt tema kan du bruka søkefeltet øvst til høgre. Skriv inn ord eller tema og klikk søk. Får du
opp for mange treff kan du skriva inn fleire søkeord, eksempelvis at det er snakk om ein konferanse og temaet er artrose. Då skiv du begge desse søkeorda og klikker deretter på søk.
Gjeld det eit nyare blad, må du gå til www.zinio.com for å finna teksten.
Professor Hans-Jacob Haga svarer på spørsmål frå lesarane gjennom bladet. Klikk på "Spør revmatologen" i menyspalta til venstre og skriv spørsmålet ditt. Les først gjennom tidlegare svar. Kanskje du finn det svaret der.
Har du tips og innspel til Revmatikeren, kan du senda ein e-post til redaktøren.


