Langeland skule, personalrom 22.mai, kl.18.00 Påmelding til Irene, leiar, 91756509
Innkalling er sendt ut på epost og sms til alle medlemmer.
Vårt lag består av medlemmer fra Tysnes, Kvinnherad, Sveio, Fitjar, Bømlo og Stord.
Laget blei etablert i si tid på Stord som et lokallag for dei busette der.
No består Stord Revmatikerlag av medlemmer fra heile Sunnhordland, og styret meiner det er på tide å endra namnet til Sunnhordland Revmatikerlag.
Dette er opp til det ekstraordinære årsmøtet å avgjera.
Kvifor ynskjer laget å endra namn?
Ein av grunnane er at det er vanskeleg å få frivillige til å stilla opp. Me ynskjer fleire å dela jobben på.
Me ynsker også å nytta anledningen til å engasjere dei yngre. Me er klar over at dessverre sparar ikkje revmatisme barn og ungdom.
Våre medlemmer er lojale, noko som også gjenspeglar seg i gjennomsnittsalderen. Me treng ungdommen med på laget, og me ynsker å vera ei gruppe for barn og unge i Sunnhordland kor dei kan møte likesinna og delta i aktivitetar som er tilpasset slik at alle kan være med.
Og sist men ikkje minst, medlemsregisteret syner at medlemmene kjem frå heile Sunnhordland.
Håpar medlemmene våre er klare for eit namnebytte, for saman står me sterkare!
Vel møtt til ekstraordinært årsmøte!