Hopp til innhold
Forside / Aktivitetskalender / Helgesamling
Støtt oss

Helgesamling


Skrevet av: Sogn og Fjordane / Publisert: 01.01.1970 / Oppdatert: 08.05.2018

Postet i: Sogn og Fjordane / Aktivitet: For medlemmer lokallag


I år vert helgesamlinga for lokallagsmedlemmer i Sogn og Fjordane på vakre Nordfjordeid, med eit variert og interessant program

I år samlast vi helga 24.-26.august på Scandic Nordfjord Hotell.

Vi startar helga med middag kl 19.00, og følgjer på med sosialt samvær etter maten. Dei som vil kan sjå ein kortfilm om funnet av Myklebustskipet frå vikingtida

Laurdag kl 10.00 vert det avgang til «Sagaløypa» som er ca 1 km lang. Denne vert guida av ordføraren på Eid, Alfred Bjørlo, som vil fortelje om Myklebustskipet.  Guidinga vert avslutta med ein lett lunsj – «ein smak av Nordfjord».  Etter dette kan ein rusle tilbake til hotellet eller sjå seg rundt på Nordfjordeid på eiga hand

Kl 14.00 vert det avreise i privatbiler til «Toregarden» der ein bl.a. kan kjøpe enkelt bakverk frå minibakeriet eller shoppe i butikken. Vi legg opp til at lengda på besøket på Toregarden vert utifrå vær og ønsker.  Sein lunsj på hotellet vert kl 16.00 og før/etter dette, kan ein nytte til besøk i badehuset/SPA, gåtur i nærområdet eller avslapping.

Middag kl 20.00 med påfølgande sosialt samvær.

Søndag etter frokost vert det satt opp 2 gruppetimer i terapibassenget med idrettspedagog.

Så vert det lunsj kl 12.00 før heimreise

Velkomen på tur!