Hopp til innhold
Forside / Aktivitetskalender / Helgesamling
Støtt oss

Helgesamling


Skrevet av: Sogn og Fjordane / Publisert: 01.01.1970 / Oppdatert: 30.05.2017

Postet i: Sogn og Fjordane / Aktivitet: For medlemmer lokallag


Årets helgesamling for lokallagsmedlemmer i Sogn og Fjordane blir på Brekkestranda Fjordhotell i Gulen kommune

I år vert helgesamlinga på Brekkestranda Fjordhotell i Gulen, heilt ytterst i Sognefjorden, 1.-3.september,

Dei fleste rom har direkte sjøutsikt med balkong eller veranda. Alle rom har TV/internett og fantastisk gode senger. Hotellet har 1100 ulike vinduer, har ikkje ein rett vinkel og vært difor kalla «det skeive hotellet».

Prisen vert kr 2.500,- pr person som dekker overnatting og alle måltid iht programmet. Tur og inngansbillett til Bjørn West-musèet vert sponsa av fylkeslaget.  Kvar enkelt betaler for hotellopphaldet og eiga drikke direkte til hotellet.

Fredag vert det felles middag kl 19.00 med påfølgande sosialt samvær i baren «Vedskjulet».

Etter frukost på Laurdag legg vi opp til fellestur til Bjørn West-museet som ligg i Matre, ca 20 minutter kjøretur. Her vært det omvisning med guide før turen går attende til hotellet og ein velsmakande lunsj.

Etter lunsj er det satt av litt tid til eigentid som ein kan nytte til for eks avslapping eller ein spasertur i den flotte kystnaturen. Det er mange alternativ til gåturar i nærområdet.

Vi samlast til Quiz og noke å bite i kl 16.30, og kanskje vert det premiering og.

Kl 20 vert det ein framifrå middag, med påfølgande sosialt samvær i «Vedskjulet» også denne kvelden.

Vi ønsker påmelding innan 1.juli pr. epost til sogn-fjordane@revmatiker.no  Førstemann til mølla!

Velkomen på tur!