Hopp til innhold
Forside / Aktivitetskalender / Invitasjon til kurset ”Sjukt Aktiv” i Ålesund
Støtt oss

Invitasjon til kurset ”Sjukt Aktiv” i Ålesund


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 01.03.2019 / Oppdatert: 05.02.2019

Postet i: Møre og Romsdal / Aktivitet: Mestring


Invitasjon til deg som bur i Haram, Sykkylven, Sula, Giske, Vestnes, Hareid, Ulstein, Ørsta, Volda eller andre stadar. ”Sjukt Aktiv” er eit kurs som er utvikla for deg med ein revmatisk sjukdom/muskel- og skjelett plager.

Det er eit meistringskurs for deg som ynskjer å leve eit aktivt og frisk fokusert liv. Kurset hjelper deg å balansere dine eigne behov og helseutfordringar med krav og forventningar utanfor. Du vil møte andre som er i same situasjon og hente kraft og inspirasjon gjennom andre sine erfaringar.

Fredag 1. mars             kl 18.00-21.00
Laurdag 2. mars          kl 10.00-16.00
Laurdag 16. mars        kl 10.00-16.00

Frisklivsagentane Sissel Egset Håskjold og Marion Sætre Vingen er kursinstruktørar.

Stad:               Lærings og mestringssenteret Ålesund

Adresse:         Åsehaugen 1,6017 Ålesund

Påmelding til : Hanne-Lilian Søvik epost :soevikhannelil@gmail.com /SMS til mobil 97062541

Påmeldingsfrist : Snarast og innan 26. februar 2019

Kurset er gratis, reiseutgifter må dekkast av den enkelte eller av lokallaget ditt.

Vi arbeider saman og jobbar med å setje motiverande mål og lærer korleis vi kan meistre utfordringar som kan dukke opp på veg mot målet. På kurset får du verktøy, så dersom du vil, så kan du starte opp aktivitetsgruppe der du bur etterpå. Dette gjer det mogleg for deg å kunne inspirere andre til å legge meir vekt på den «friske» delen og eit meir aktivt liv.

I utgangspunktet er kurset utarbeidd for aldersgruppe frå 30-55 år, men hos oss er alder «ingen hindring», og alle som ynskjer å leve eit aktivt og frisk- fokusert liv, er velkomen til å delta.