Hopp til innhold
Forside / Aktivitetskalender / Leddgikt er tema på dagskonferanse i mars 2017
Støtt oss

Leddgikt er tema på dagskonferanse i mars 2017


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 01.01.1970 / Oppdatert: 01.02.2017

Postet i: Møre og Romsdal /


Konferansen blir arrangert fredag den 17. mars 2017 på Scandic Rica Hotel i Ålesund. Effektiv behandling og god informasjon reduserer smerte og gir betre fysisk funksjon.

Velkommen til alle interesserte!

Dette er dagen med godt program som personar med leddgikt har venta på! Psykolog Elin Fjerstad har takka ja til å delta på konferansen. Ho har gitt ut boka “Frisk og kronisk syk” der fleire pasientar har delt sine erfaringar. Forskar Espen A. Haavardsholm kjem også og skal informere om ny behandlingsstrategi som er utvikla av norske forskarar! Han er avdelingsoverlege og professor ved Diakonhjemmets sykehus. Frå revmatologisk avdeling i Møre og Romsdal kjem revmatolog Hallvard Fremstad og sjukepleiar Kristin Grepstad Mørkeseth. Kulturinnslag og god lunsj er naturlegvis med!  Du kan melde det på til nrf.more-romsdal@tusssa.com. Prisen er kr 450 som inkluderar lunsj. Dagskonferansen kl 10.30 – 15.30. Fleire likepersonar vil vere tilstades på konferansen.