Hopp til innhold
Forside / Aktivitetskalender / OPEN DAG på lagslokalet
Støtt oss

OPEN DAG på lagslokalet


Skrevet av: Volda/Ørsta / Publisert: 20.02.2025 / Oppdatert: 09.01.2025

Postet i: Volda/Ørsta Revmatikerforening / Aktivitet: Åpent og for alle, Sosialt


Open dag på Lagslokalet startar opp torsdag 9. januar

Kvar torsdag mellom kl. 11.00 og 13:30 er det ope hus på lagslokala. Her er det kaffi med litt å bite i og sosialt samvære, med ein koseleg prat rundt bordet. Som før kan du få parafinvoksbehandling på hendene dine. Dette er eit velværetilbod med litt handtrening. Voksmaskina er i drift kvar torsdag, og dette er eit tilbod som er gratis for medlemar i vår foreining og som kostar kr. 30.- pr. behandling  for dei som ikkje er medlem. Oftast er det også ein likeperson til stades desse dagane. Berre å stikke innom om du har lyst til det.