Kvar torsdag mellom kl. 11.00 og 13.30 er det ope hus på lagslokala. Her har vi kaffi med litt å bite i og sosialt samvære, med ein koseleg prat rundt bordet. Heilt uforpliktande. Tilbodet om parafinvoksing av hendene held fram. Voksmaskina er i drift kvar torsdag, det kostar kr. 30 pr. behandling. Oftast er det også ein likeperson til stades desse dagane. Berre å stikke innom om du har lyst til det.