Hopp til innhold
Forside / Aktivitetskalender / Regionsamarbeid i utvikling!
Støtt oss

Regionsamarbeid i utvikling!


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 01.01.1970 / Oppdatert: 28.06.2016

Postet i: Møre og Romsdal / Aktivitet: Organisasjon og ledelse


Fylkeslaga i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal har eit samarbeid om felles saker. Tre fylkesstyre møtast til læring og oppdatering. Eit Regionalt Kontaktutval - samansett av leiar og sekretær frå kvart fylke - organiserer samarbeidet. Neste samling blir i april 2016 på Reuma-Sol og programmet er klart.

På kurset blir det god informasjon om Reuma-Sol, aktivt bruk av senteret, medlemsverving, samarbeidstiltak og handlingsplan for 2016 og 2017. I mars vart det arrangert to konferansar med felles foredragshaldarar i Molde fredag og Stjørdal laurdag med temaet fibromyalgi. Til saman fekk om lag 350 deltakarar god informasjon og kva som er nytt på forskningsfronten.

I september 2015 var det eit vellykka region- og landsmøtesamling i Alta. Det vart gitt informasjon om «Piloten vår» – Individuell behandling av unge revmatikarar til Reuma-Sol”. Rapporten er lagt fram for årsmøta i dei tre fylka. Dette er eit prosjekt som vi skal arbeide vidare med.