Hopp til innhold
Forside / Aktivitetskalender / REGIONSAMLING – LIVSMESTRING
Støtt oss

REGIONSAMLING – LIVSMESTRING


Skrevet av: Sogn og Fjordane / Publisert: 30.03.2019 / Oppdatert: 08.01.2019

Postet i: Sogn og Fjordane / Aktivitet: Åpent og for alle


Regionsamling med tema "Livsmestring" vert i Sogndal 30.mars

Tema: LIVSMEISTRING

Til alle medlemmene i NRF Hordaland og Sogn og Fjordane
Vi har gleda av å invitere dykk alle til ei helg i Sogndal der laurdagen vil bli fylt av forelesningar som kan være til nytte for deg. (sjå vedlagte program)
Vi tenker at for mange vil det være naudsynt å kome fredag så det er reservert rom på Sogndal hotell fra fredag 29.03. – 31.03. for dei som ønsker det.
Det er kun lagt opp til program laurdag.
Vi håpar at mange finn vegen til Sogndal denne helga.
Dette er eit tilbod for alle medlemmene. Alle som ønsker å delta må betale reiseutgifter, og dagpakke/opphald sjølv, og i tillegg ei deltakaravgift på kun kr 200.-.

Prisar:
Deltakeravgift : Kr 200,- (betalast ved påmelding)
Dagpakke laurdag : Kr 475,- inkluderer lunsj, kaffe/te og pausemat
Overnatting : Kr 954,- pr. døgn pr pers i enkeltrom, inkl frukost
Kr. 1134,- pr. døgn for to personer i dobbeltrom, inkl frukost
Middag laurdag kveld : Kr. 345,-

NB! Oppgjer for dagpakke, overnatting og/eller middag betaler de på hotellet ved avreise. For dei som berre deltek laurdag betaler de dagpakke i resepsjonen i løpet av laurdag.

BINDANDE PÅMELDING INNAN 15.FEBRUAR TIL: hordaland@revmatiker.no
Ved påmelding betalar du inn kr 200.- til kto nr. 8225.01.17082 innan påmeldingsfristen.
Hugs å oppgje postadresse og mobilnr.

Dersom du har meldt deg på og ikkje møter må du betale for hotellet.
Er noko uklart kan du ringe meg på mobil 900 42 682

Ellers vil eg informere til dykk som kjem fredag at det er fleire hyggelege spiseplassar i Sogndal som har ope til kl 22.00 om de kjem seint.
Søndag kl 11.00 har Sogndal og Leikanger Revmatikarforening bading med instruksjon i ekstraoppvarma vatn i Svømmehallen. Den ligg ca 15. min gangavstand fra hotellet om nokon har interesse av det, er sikkert plass til dykk.

For å kome til Sogndal kan de dra med fly, buss eller båt

Med båt er det avgang fredag fra Bergen kl 16.30 med ankomst Sogndal kl 21.20 .
Sjå www.norled.no

Flyruter finn de på www.Wideroe.no

Det går 4 bussavganger til og fra Bergen kvar dag. Rutetider på www.nettbuss.no

Vel du kjøyre fra Bergen kan du velge RV 5 over Vikafjellet eller E16 via Lærdal.

For medlemmer i Sogn og Fjordane finn de rutetider i www.kringom.no

Vi skjønar at for dei som har lengst veg så koster det å dra til Sogn og Fjordane.
Vi oppmodar lokallaga å støtte dei som evnt ønsker delta.

Vi håpar på mange deltakarar til denne helga!

VELKOMNE!

Sogndal 05.12.2018
For Regionstyret
Edel Olstad
Mobil 90042682