Hopp til innhold
Forside / Aktivitetskalender / Reuma-Sol 23. september 2017
Støtt oss

Reuma-Sol 23. september 2017


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 01.01.1970 / Oppdatert: 07.04.2017

Postet i: Møre og Romsdal /


Det er triveleg å reise saman med andre og Reuma-Sol er for alle interesserte

Møre og Romsdal fylkeslag arrangerar tur til Reuma-Sol den 23. september med fly direkte til Alicante frå Ålesund. Dei som ønskjer å reise frå Molde eller Kristiansund, må om Gardermoen begge vegar, og det blir tillegg i prisen. Turen er på 14 dg (kan bestille meir) og har med gruppeleiar. For å få behandlingar må du ha rekvisisjon frå lege, same reglar som i Norge.

Rutinane er at ein må legge ut for behandlingane, og får det dekka med Helfo i etterkant etter søknad. Reuma-Sol har fleire tilbod du kan bruke utan rekvisisjon. Bassenget, apparat i gymnastikksalen, tur i området, avspenning og styrketrening.

Bli med på ein tur til Reuma-Sol der fellesskap, spansk kultur, helse og trivsel er dagleg program.

Ta kontakt på kho@revmatiker.no for påmelding! Påmeldingsfristen er 1. juni!