Vi startar oppigjen trimmen på Vikemarka skule torsdagar kl. 19.00
Vi har starta samarbeid med LHL Volda/Ørsta og har leigt inn fysioterapeut frå Volda sjukehus til instruktør.
Dette vert bra. Start det nye året med god trening, sosialt og kjekt.
Vi gler oss, vert du med?
Kom og prøv om dette er noko for deg. Torsdagar kl. 19.00 – 20.30, i gymsalen på Vikemarka skule. Oppstart torsdag 5. januar.
For meir informasjon ta kontakt med Sissel Egset Håskjold på tlf. 90 70 95 19