Hopp til innhold
Forside / Aktivitetskalender / Velkommen til nytt fibromyalgitreff på Reuma-Sol i mai 2019
Støtt oss

Velkommen til nytt fibromyalgitreff på Reuma-Sol i mai 2019


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 04.05.2019 / Oppdatert: 19.11.2018

Postet i: Møre og Romsdal / Aktivitet: Mestring


Bli med på tur til Reuma-Sol der fellesskap, spansk kultur, helse og trivsel er dagleg program.

NRF Møre og Romsdal fylkeslag arrangerer treff med avreise laurdag 4. mai. Du kan vere ei veke eller to veker.

Fibromyalgitreffet har program med både fysisk aktivitet, foredrag og turar.

Måndag 6. mai informasjon ved overlege Marianne Klokk

Tysdag 7. mai informasjon ved fysioterapeut frå Reuma-Sol

Onsdag 8. mai aktuelle saker i NRF og fibromyalgigruppa i Møre og Romsdal

Torsdag 9. mai – som tradisjonen er – svelefest. Detaljert program seinare.

Reuma-Sol er ope for alle! I tillegg til programmet kan du ta individuell behandling med fysioterapeut. Det er nytt utstyr i gymnastikksalen og herleg oppvarma basseng.

Ta kontakt på epost: kho@revmatiker.no for meir informasjon og påmeldingsskjema, fristen er 1. desember. Ta gjerne ein prat med fylkeskontakta for fibromyalgi på telefon 91558625.