NRF - Sammen om en ny tid
Fylkeslaget og NRF sentralt har gleda av å invitere dykk til workshop 24. juni frå kl. 16.30 – 19.30
NRF sentralt vil kjøre workshops i heile organisasjonen landet over, for å samle innspel til
«NRF – Sammen om en ny tid».
Fokuset blir på kvem er NRF i dag og kvem skal vi vere i morgen?
Korleis vere relevante og verdifulle for medlemmer og potensielle medlemmer framover?
Generalsekretær i NRF Bente Slaatten og kommunikasjon- og markedssjef Håkon Aas vil besøke oss og stå for workshopen.
Invitasjonen går både til styret og til alle lokallaga. Vi har plass til maks 25 deltakere, så vi må prøve å fordele plassane jevnt frå heile fylket.
Påmeldings snarast og innan 14. juni – mail: sogn-fjordane@revmatiker.no
Reisegodtgjersle etter vanlege reglar, og det blir enkel servering