Stryn og Hornindal Revmatikarlag
Velkommen til Stryn og Hornindal Revmatikarlag
Stryn og Hornindal Revmatikarlag er ein organisasjon for innbyggjarar i kommunane Stryn og Hornindal med revmatiske sjukdomar, muskel- eller skjellettplager. Laget vart skipa 28. oktober 1986, og hdde ved årsskiftet 2015/2016 56 medlemer.
Se hva vi kan tilbyVi kan tilby medlemene våre bading i terapibasseng i Volda, men hjartesaka vår er få på plass terapibasseng i eiga bygd.
Varmtvassbassenget ( då kalla revmatikarbad/terapibasseng ) i Stryn vart stengd i juni 2006 av di det var teknisk utslite. Sidan då har revmatikarlaget arbeidd aktivt for å få nytt varmtvassbasseng i kommunen. Me har no det tredje lotteriet til inntekt for saka.
Lotteritilsynet har gjeve oss løyve til å selje 7000 lodd a 10 kroner før 1.juli 2016. Gjer me det, har me omlag 200.000 kroner til skisseprosjekt/forprosjekt. Me har søkt Ping Pong Klubben om 30.000.- kroner i støtte til skisseprosjektet.
Kommunestyret vedtok å bygge nytt varmtvassbasseng då det gamle vart stengd. Me vonar at me med arbeidet vårt kan medverke til at dei held lovnaden sin. Eit politisk vedtak om nytt varmtvassbasseng i kommunen vil vere ei kjærkomen 30-årsjubileumsgåve. Ikkje berre til laget, men til alle som bur i kommunen.
Fram til me får nytt varmtvassbasseng, er me takksame for at me etter avtale får høve til å reise til Volda og bade i varmtvassbassenget der.
30årsjubileet skal me feire 28. oktober 2016 med fest for gamle og nye medlemmer.
Vil du vita meir om oss, ta kontakt med leiar Magnhild Berge, mobil 416 57 111. Eller per epost til: strynoghornindal.sf@revmatiker.org
Biletet er henta frå Hornindal kommune sine heimesider, www.hornindal.kommune.no.
Kontakt oss
Panoramavegen 1611, 6795 Blaksæter
Leder: Sonja Fjellkårstad
Tlf: 99165857
strynoghornindal.sf@revmatiker.org
Likepersoner
Lill Berit Tjugen
97 65 48 61
Karin Aaning
90 05 12 20
Styret
Leiar
Sonja Fjellkårstad
99 16 58 57
strynoghornindal.sf@revmatiker.org
Nestleiar
Lill Berit Tjugen
97 65 48 61
Styremedlem
Caroline Lindvik Gjerde
95 40 64 79
Styremedlem
Annja Oppheim
95 19 86 34
Styremedlem
Mari Sætre Torheim
95 87 81 84
Varamedlem
Anita Kvamme
95 70 25 97
Varamedlem
Sabine Reinecke
93 04 98 21