Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Hordaland / ÅRETS BASAR BLIR SØNDAG 15.MARS KL 17:00 PÅ FRELSESARMEEN PÅ STORD!
Støtt oss

ÅRETS BASAR BLIR SØNDAG 15.MARS KL 17:00 PÅ FRELSESARMEEN PÅ STORD!


Skrevet av: Stord / Publisert: 13.01.2026 / Oppdatert: 14.01.2026


ÅRETS BASAR BLIR SØNDAG 15.MARS KL 17:00 PÅ FRELSESARMEEN PÅ STORD!

Vi inviterer store og små, anten du er medlem i SHl Revmatikerlag eller ikkje, til basaren! Det blir gratis servering, åresal og trekking av gevinstar frå loddbøker. Av gevinstane så langt har vi flotte, heimestrikka genserar for både dame og herre, airfryer, dukke med klær og koffert. Men vi har nett starta med innsamling av gåver, så dette kjem til å bli stor stas!

INFORMASJON TIL MEDLEMER:

Basaren er ei viktig inntektskjelde for Sunnhordland Revmatikerlag, og som de veit vi må alle bidra til basaren på forskjellig vis. Det blir ikkje førehandssal av lodd på butikkar i år. I staden vil alle medlemmer som deltek på bassengtrening få utdelt ei lita «loddbok» med 75 lodd, á kr 10,- pr. lodd. Vedtak om ordninga blei gjort på årsmøtet 2025. Dersom du ikkje ynskjer å selje lodd, har du to andre alternativ:

  1. BAKING: Dei fyrste som melder seg kan i staden for loddsal levere kaffimat til basaren. Kaffi og kaker på basaren blir gratis i år! Eit fat med variert utval av bakverk blir sett på kvart bord. Vi treng omlag 10 -12 personar til å bake forskjellig bakverk, og laktosefritt/ glutenfritt bakverk er supert. Her gjeld “førstemann til mølla”, så ver rask og meld ifrå til Anlaug Hirth på e-post anlaug.hirth@hotmail.comeller på sms: 970 69 042, dersom du vil bake. Levering: kl 16-16:15 på basardagen 15. mars.
  2. GEVINSTAR: Vi ynskjer å redusere mengda av smågevinstar i år, og oppmodar dykk difor til å gå saman med andre medlemer og kjøpe ein fin gevinst til basaren. Eksempel kan vere elektrisk mandelkvern, stavmixar, powerbank (eller andre ting som er på sal no), ullpledd, fine vottar eller hanskar, kjøkkenreiskap i tre frå Kitch’n. el.l. De kan også gå saman om garn og strikking av eit plagg. Revmatikerlaget dekkjer utlegg til garn til større strikkeprosjekt. Kontaktperson for gevinstar:

Liv Berit Solberg på e-post livberit.solberg@gmail.com eller sms 994 91 878.

 

ANDRE MEDLEMER: Medlemer som ikkje deltek på bassengtrening, vil også bli oppmoda om å selje lodd. Det blir mogleg å hente lodd-ark hos Jane Elin H. Vik (958 24 404), ho vil sitte på Heiane Storsenter onsdag 11. og 18. februar kl 11:00-12:00 og 17:00-18:00. Vi er òg glade for sterke armar som kan hjelpe til med rydding av bord før og etter basaren.

LODDSALET:

  • Dei på førehand selde loddbøkene blir trekte på basaren.
  • Det blir to rundar med åresal (20,- pr. stk)
  • Du kan kjøpe lodd frå eiga loddbok på basardagen.

 

TAKK FOR AT DE BIDREG, OG VELKOMNE TIL BASAR!