
Stine Wasenius Dahl held innlegg om kampanjen «Kronisk kompetanse»
Laurdag 29. mars var NRF Sogn og Fjordane samla til årsmøte på Scandic Sunnfjord i Førde.
Programmet starta med ei helsing frå fylkesleiar Ingunn Eikås og eit innlegg frå 1. nestleiar i Forbundsstyret Stine Wasenius Dahl, om kronisk kompetanse.
Vi takka av mellom anna Edel Olstad for lang og solid innsats i Fondsstyret, Reidun Eldevik for sin innsats i valkomiteen og ikkje minst Carl Thorodd Cock for sin innsats som kasserer.
Takk også til møteleiar Reidun Støfring som losa oss gjennom møtet på ein fabelaktig måte.
Nytt fylkesstyre for 2025 er slik:
Leiar: Ingunn Eikås, attval for 2 år
Nestleiar: Sonja Fjellkårstad, ikkje på val i år
Kasserer: John Ole Johnsen, valt for 2 år
Studieleiar: Inger Beate Dalheim, attval for 2 år
BURG-representant og styremedlem: Alexander Nordal, valt frå BURG
vara: Solfrid Honningsvåg, attval for 1 år
vara: Hege Molin, attval for 1 år
Fondsstyre:
Leiar: Fredlaug Nordevik, valt for 2 år
Medlem: Kari Sekse, ikkje på val
På bildet ser vi Reidun Støfring, Edel Olstad og Reidun Eldevik