Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Hordaland / Årsmøte i Stord Helsepark!
Støtt oss

Årsmøte i Stord Helsepark!


Skrevet av: Stord / Publisert: 26.02.2024 / Oppdatert: 26.02.2024


Årsmøte i Stord Helsepark!

Årsmøte i flotte Sjøsio-kantina Stord Helsepark. Foredrag ved naprapat Kjersti Ystad før årsmøtet. Det vart servert påsmurte rundsstykker, kaffi og mineralvatn.

Det blei gjennomført eit godt årsmøte, med spørsmål og god diskusjon.

Det foregår mykje aktivitet i laget, og nye aktivitetar for 2024 blei gjennomgått i aktivtetsplanen.

Styret fekk gjennomslag til å støtte Burg-medlemmer.  Dette vil bli publisert på Facebook, og me håpar aktuelle medlemmer får kjennskap til dette.

Styret vart utvida slik at laget kan arrangere fleire aktivitetar, og fordele ansvar for dei 7 gruppene me har i basseng.  Me treng frivillige som melder seg i tillegg, td. til å vera i «basarkomitè».  Dette vil også bli publisert andre stader.

Medlemmer på årsmøte viste engasjement og interesse for å delta på kurs i regi av fylket.  Der det er fleire foredrag om ulike diagnosar, og andre nyttige kurs.  Om fleire vil reise, kan ein slå seg saman.  Følg med  på FB.

Dette var eit lite utval av innhaldet på møtet.

Svein Børtveit leia oss trygt gjennom møtet som dirigent.

Jane Elin Vik og Anne Grindevik gjekk utav styret.

Dette er det nye styret:

Irene Bruket Naustvåg, leiar

Torhild Dikkanen, nestleiar

Anne Kvalheim, studieleiar

Ingvill Larsen: kasserar

Vigdis Røen Leirvik: Skrivar

Styremedlem: Åse Elisa Madsen

Styremedlem: Elin Folgerø Haugland

1.  vara:   Anlaug Hirth

2. vara :  Even Leivestad