Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Sogn og Fjordane / Edel Olstad tok attval
Støtt oss

Edel Olstad tok attval


Skrevet av: Sogn og fjordane / Publisert: 26.05.2018 / Oppdatert: 17.10.2022


Edel Olstad tok attval som leiar, Ingunn Eikås frå Høyanger vart valt som ny nestleiar og Erling Sagen tok eitt år til som leiar i styret for rehabiliteringsfondet på årsmøtet til NRF Sogn og Fjordane 17. mars.

Årsmøtet i NRF Sogn og Fjordane fylkeslag vart halde på Thon hotel Jølster laurdag 17. mars. I år gjorde me ein vri samanlikna med det som har vore praksis tidlegare, ved at me var ferdige med samlinga til lunsj på laurdag.
På den måten okkuperte ikkje årsmøtet heile helga for deltakarane.
På årsmøtet denne gongen var det vedtektene for rehabiliteringsfondet som skapte mest debatt. Etter at eit framlegg om å utsetja saka til årsmøtet i 2019 vart avvist mot sju røyster, enda saka med at dei nye vedtektene, som fylkesstyret hadde utforma, vart vedtekne med 22 mot to røyster.

Etter årsmøtet er desse med i fylkesstyret:
Leiar: Edel Olstad, Sogndal og Leikanger
Nestleiar: Ingunn Eikås, Høyanger
Kasserar: Kjell Eldegard, Årdal
Studieleiar: Anita Æsøy, Flora
Styremedlem: Merete Vedvik, Eid
Første varamedlem: Øystein Rynningen, Fjaler
Andre varamedlem: Oddveig Hovlandsdal, Førde
Burgkontakt: Elin Mørkrid, Årdal

Styret for rehabiliteringsfondet:
Leiar: Erling Sagen, Høyanger
Medlem: Anita Bentsen, Selje
Pluss eit medlem frå fylkesstyret.

Valnemnd til årsmøtet 2019:
Leiar: Tordis Kristine Søvde, Sogndal og Leikanger
Medlemer: Annlaug Selland, Årdal og Johnny Stigedal, Førde
Varamedlem: Henny Turid Kvalheim, Vågsøy.

Les meir om og frå årsmøtet i Giktspretten, som medlemene i NRF Sogn og Fjordane får i postkassen sin før sommarferien.