Vi har starta opp med aktivitetane våre.
Mandag, onsdag og torsdag er det trening i varmtvatnbassenget i Volda. Vi skulle ha starta den 27. aug, men sidan der var trøbbel med ein motor vart det utsett til 3. sept. Vi har nokre få plassar ledig enno.
Burgbading kva fredag kl 16-17. Dette er for barn og unge med revmatiske lidelsar og familien deira.
Kvar mandag kl 21-22 og fredag kl 19.15 -20.15 er det Offentleg bading i varmtvatnbassenget. Det er berre å møte.
Trening på Vikemarka skule er i gong frå den 20. aug. Her er plass til fleire. Denne treninga passar for alle aldrar, då det er forskjellige stasjonar med ulike øvingar. Vi er so heldige at vi har fått med oss ein fysioterapaut som trenar. Kom igjen og hiv deg med.
Første tirsdagen i september, oktober og november er det Handarbeidskveld på lagslokalet vårt i Heggjadalen 2c. Koselig og sosialt. Kaffi, te og noko å bite i.
Siste tirsdagen i august, september og oktober er det Ope møte. Her har vi forskjellige tema på møta. Følg med på Facebook eller her. Her lagar matnemnda til mykje godt å ete og kaffi/ te til drikke.
Onsdagar tek Knirk og Knak seg ein tur. Dei brukar å gå forskjellige turar i omegn. Følg med på Facebook, knirk og knak.
Annankvar tirsdag kveld eller onsdagskveld (Desse vert bytta på) møter våre driftige medlemmar og lagar fine ting til basarane våre. Arbeidsmøta er koselige kveldar med prat rundt bordet, handarbeid i hendene. Litt kveldsmat blir også satt fram.
Og sist men ikkje minst…. Open dag kvar torsdag klokka 11.00. Her er lav dørstokk. Kom innom for ein prat, for å varme deg, eller for å prøve den deilige voksmaskina vår. Den varmar og gjer huda so deilig mjuk. Her er ogso noko å bite i og kaffi/ te.