Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Møre og Romsdal / Fibromyalgikonferanse og treff på Reuma-Sol
Støtt oss

Fibromyalgikonferanse og treff på Reuma-Sol


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 16.12.2016 / Oppdatert: 16.12.2016


Heilt spesielt - Fibromyalgikonferanse på Reuma-Sol måndag 8.- onsdag 10. mai 2017! Konferansen er open for alle interesserte!

Velkommen til konferansen ved Dagny Venke Villa, leiar i fylkeslaget, og  direktør ved Reuma-Sol Martijn Scherpbier. Konferansen har eit godt og variert program med professor og revmatolog Hans-Jacob Haga: ”Hva er fibromyalgi – kan fibromyalgi behandles?».  Sjukepleiar Berit Scheve har tema sosial kapital, og brukarrepresentant Camilla Hegvik Hjelseth: ”Å leve med fibromyalgi og mine meistringsteknikkar”.

Fysioterapiavdelinga på Reuma-Sol stiller med informasjon om fysisk aktivitet for personar med fibromyalgi og verdien av å finne si treningsform. Vi får teste «Yogastolgymnastikk» og morgontrim i bassenget (34 grader).

Elisabeth K. Bærheim frå NRF diagnoselandsledelse fibromyalgi tek ”Vegen vidare”!  Likepersonar i NRF vil vere til stades. Ein person å snakke med, som kan lytte, gi råd og hjelp.

Torsdagen blir det svelefest! Møre og Romsdal har ein tradisjon med gode sveler og utlodding. Dette er ein arena til å treffe andre gjester på Reuma-Sol.

Bur du utanfor Møre og Romsdal, så vil Helsereiser, helsereiser@travelnet.no / telefon 23001260 koordinere reisa di med priser frå ditt fylke. Du må gjerne kombinere konferansen med ferie i ei eller to veker eller lenger. Ta med rekvisisjon for behandling på fysioterapiavdelinga.  Priseksempel frå Ålesund med direkte fly er: Flyreise, transfer og leilegheit for to peronar, e-rom, kr 6950 per person i ei veke. Pensjon kjem i tillegg. Avreise frå Ålesund 6. mai 2017 med direkte fly. Ta kontakt for meir informasjon! Møre og Romsdal fylkeslag står som arrangør. Så langt har 40 personar meldt seg på! Påmeldingsfristen er 1. februar – etter det kan det bli endringar i prisen.

Bilde er frå ein tur til fyret, Faro del Albir

Skjemaet er med utgangspunkt Møre og Romsdal og til generell informasjon

reuma-sol-2017-fibro-skjema