Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Sogn og Fjordane / Frisklivsagentane presenterte seg
Støtt oss

Frisklivsagentane presenterte seg


Skrevet av: Sogn og fjordane / Publisert: 12.03.2016 / Oppdatert: 16.09.2016


NRF Sogn og Fjordane har rekruttert to frisklivsagentar.

I 2015 vart John Ole Johnsen frå Eid og Gro-Anita Olsen frå Høyanger henta inn som frisklivagentar for NRF i Sogn og Fjordane. Dei to har no kursa seg i meistringskurset Sjukt Aktiv og motivasjonsarbeid regi av NRF, og er klare til å dela kunnskapane sine både med NRF-medlemer og andre i målgruppa for det nemnde kurset her i fylket. Meistrinsgkurset er retta inn mot personar i aldersgruppa 30 – 55 år, utan at det er absolute grenser.

Under årsmøtet i NRF Sogn og Fjordane fylkeslag på Thon Hotell Jølster laurdag 12. mars, fekk dei to frisklivsagentane tre kvarter til å presentera seg sjølve, kva oppgåver frisklivsagentane har, samt litt om meistringskurset Sjukt Aktiv.

Meir informasjon om kva frisklivsagentane er og kva funksjon dei skal ha, samt ein fyldigare presentasjon av Sjukt Aktiv-kurset, blir sendt ut til lokallaga i Sogn og Fjordane i nær framtid. Styret I NRF Sogn og Fjordane skal ha eit møte med dei to frisklivsagentane over påske. Der skal me drøfta opplegg for Sjukt Aktiv-kurs. Me reknar med at kurs kan koma i gong når sommaren er over.

Bildetekst:  John Ole Johnsen og Gro-Anita Olsen framføre årsmøteforsamlinga. (Foto: Kjell E. Eldegard, NRF Sogn og Fjordane)