Hopp til innhold
Støtt oss

GOD SOMMER


Skrevet av: Stord / Publisert: 17.06.2021 / Oppdatert: 17.06.2021


Det nærmer seg sommer, sol, varme og ferietid.

Styret i Stord Revmatikerlag vil takka alle våre medlemmer for godt samarbeid i denne vanskelige tida med Korona og smittesituasjonen som me har gått igjennom.

Dei fleste av våre medlemmer har blitt hindra i å delta på den viktigste aktiviteten til lokallaget, nemlig Bassengtrening.

Våren 2020 blei bassenget stengt for all aktivitet 12.mars.

Hausten 2020 fekk me lov å starte opp to grupper på kveldstid og frå nyttår 2021 starta så ei tredje gruppe på torsdagar kl.15.00 Deltakertal var redusert grunna kravet om avstand i garderobane. Det var få av dei faste badande som fekk bli med.

No er det spennande om kor mange grupper me får lov å starte opp med frå hausten 2021, når dei fleste er vaksinerte.

Førebels lever også me i styret i spenning, om du som ventar på bassengtrening, får lov å bli med til hausten.

Det vil bli sendt ut ei melding via epost/sms til medlemmene når tilbodet med får frå Rehabsenteret kjem.

Dersom me ikkje får starta opp alle dei 7 gruppene som med har vanligvis har hatt, vil det bli tildeling etter «først til mølla» prinsippet.

Følg med på din epost eller sms melding på din mobil.

Styret vil ønske dere alle sammen en Riktig God Sommer.