Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Møre og Romsdal / Historiemimring, motivasjon og meistring på Reuma-Sol
Støtt oss

Historiemimring, motivasjon og meistring på Reuma-Sol


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 16.08.2018 / Oppdatert: 16.08.2018


I september har NRF Møre og Romsdal fylkeslag gleda av å arrangere tur med fellesskap, spansk kultur, helse og trivsel.

I november 2018 er det 25 år sidan NRF kjøpte tomta Reuma-Sol, eit stort arbeid er gjennomført, og vi vil ta fram litt historie. Fylkeslaget har vore med i prosessen frå starten av, første gong med to grupper i 1995.  Måndag 24. september har vi med oss generalsekretær i startperioden, sjukepleiar og representantar frå fylkeslaget. Neste kursdag er dagens Reuma-Sol med direktør og fysioterapeut, og dag tre «Organisasjonskulturens betydning for motivasjon og mestring» ved Aura Consulting. Sosiale treff med Svelefest og tapas i restauranten på Reuma-Sol høyrer med! Jubileumsgåva er på plass med fleire nye treningsapparat i gymnastikksalen og 75 deltakarar, medlemmer, tillitsvalte frå lokallag og fylkesgrupper skal snart pakke kofferten!