Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Sogn og Fjordane / Innbyding til helgesamlinga
Støtt oss

Innbyding til helgesamlinga


Skrevet av: Sogn og fjordane / Publisert: 25.04.2016 / Oppdatert: 16.09.2016


Ei helg seinare er vanleg, men første helga i september er det helgesamlinga i Florø som er staden for NRF-medlemene i trivselsfylket.

Årets helgesamling går av stabelen i Florø frå fredag 2. til søndag 4. september. Samlinga blir på Quality Hotel, hotellet ved sjøkanten. Der har me reservert rom til mellom 50 og 70 personar. Det er heilt i orden dersom nokon berre vil delta på samlinga frå laurdag til søndag.

Styret har vedteke at påmeldingsfristen skal vera 1. juli. Påmelding til fylkeslagets kontor i Førde, telefon 57 82 49 45 / E-post: sogn-fjordane@revmatiker.no

Påmeldinga er i utgangspunktet bindande, men hotellet har gjeve oss frist til 1. august med eventuelle justeringar.

Tilbodet me har fått frå hotellet lyder slik: Heilpensjon per person i dobbeltrom kostar 990 kroner per døgn. I enkeltrom kostar heilpensjon per person 1.290 kroner per døgn. Det vil seia at frå fredag til søndag blir prisen per person i dobbeltrom 1.980 kroner, medan den som vil bu på enkeltrom må betala 2.580 kroner.
Kvar enkelt betalar for hotellopphaldet direkte til hotellet.

Tur i skjærgarden

Laurdag spanderer fylkeslaget ein båttur i den flotte skjærgarden i Flora kommune. M/S “Øyservice” legg til kai ved hotellet kl. 10.30 for å ta ombord mat drikke og folket for den om lag tre timar lange turen Me sveiper inn om Skorpa, Batalden, Kinn, Rognaldsvåg, og avsluttar med «Den grøne smaragden», Askrova. På ein av dei nemnde plassane skal me liggja i ro for å innta lunsj på dekk. Godt vêr denne dagen må me alle vera med på å be om. Me skal vera tilbake i Florø om lag. klokka 14.

Laurdag kveld legg me opp til litt lett underhaldning og sosialt samvær på hotellet. Meir om dette får de veta når det kjem til Florø.

Florø er ein koseleg liten by ved kysten, og kan by på mykje som folk kan sjå nærare på. Kanskje gåturar til Åsen, eller ein tur innom kystmuseet. Eller rett og slett vandra gatelangs og kanskje stikka innom på ein av dei fine kafeane i sentrumsgatene.

Me ynskjer folkevandring frå indre strøk av fylket til Florø og kysten denne helga. De er alle hjarteleg velkomne til å nyta det gode livet ved havet første helga i september.

Med venleg helsing

Styret i NRF Sogn og Fjordane fylkeslag

Bildetekst: Utsikt frå Quality Hotel i Florø ein regntung aprildag. (Foto: Anita Æsøy)