Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Sogn og Fjordane / Årsmøte og organisasjonskurs for Sogn og Fjordane fylkeslag
Støtt oss

Årsmøte og organisasjonskurs for Sogn og Fjordane fylkeslag


Skrevet av: Norsk Revmatikerforbund / Publisert: 03.02.2020 / Oppdatert: 03.06.2020


Årsmøte og organisasjonskurs for Sogn og Fjordane fylkeslag

NRF Sogn og Fjordane Fylkeslag innkallar til årsmøte og organisasjonskurs for sine lokallag 28.-29. mars 2020 på Thon Hotel Jølster på Skei. I år vil forbundsleiar Kjerstin Fjeldstad gleda oss med å vera til stades på årsmøtet, og ho vil og halde organisasjonskurs for lokallaga våre denne helga.

Årsmøtet vert innkalla i medhald av Norsk Revmatikerforbund sine vedtekter § 9 pkt. II;
«Årsmøtet holdes hvert år fortrinnsvis innen utgangen av mars måned og innkalles med minst 8 ukers varsel. Forslag til saker sendes fylkeslaget og forslag på kandidater sendes valgkomiteen senest 4 uker før årsmøtet. I landsmøteår sendes forslag på landsmøtedelegater til fylkesstyret. Fylkesstyret innstiller overfor fylkesårsmøtet.»

Frist for innsending av forslag vert då 29. februar 2020. Forslag til saker skal sendast til epost: sogn-fjordane@revmatiker.no. Framlegg til kandidatar skal sendast leiar i valkomiteen, Johnny Stigedal, epost johnny.stigedal@ahlsell.no.
På val er fylkesleiar, nestleiar, kasserar, styremedlem og 2 varamedlemer.

Sakliste med sakspapir i medhald av pkt. VIII, faste årsmøtesaker, samt valkomiteen si innstilling vert gjort kjende for laga seinast 2 veker før årsmøtet. Sakspapira får delegatane og andre utleverte under registreringa før årsmøtet.
Representasjonen for lokalforeningen vert utrekna etter grunnlaget på betalte medlemer pr. 31.12.2019. Inntil 100 medlemer gir rett til 2 delegatar, og frå 101 til 400 medlemer gir rett til 3 delegatar.

Medlemskontingenten skal vera betalt. Fylkeslaget sitt styre har ikkje røysterett ved handsaming av årsmelding og rekneskap. Observatørar kan givast tale- og forslagsrett av årsmøtet.

 

Velkommen til årsmøte og organisasjonskurs på Skei!

Beste helsing styret i NRF Sogn og Fjordane fylkeslag

 

Påmelding innan 14. mars til: sogn-fjordane@revmatiker.no , evt. på telefon til 99003103.
Gi opp namn, lokallag, kven som er delegatar og kven som evt er observatørar ifrå dykkar lag, mobilnummer og om det er spesielle behov vedr. rom eller mat.

Betaling: Faktura vert sende til lokallaga.

Årsmøtemiddagen laurdag kveld og sosialt samvære blir i eigen sal. Underhaldningsinnslag frå deltakarar er kjærkomne.

Prisar :
A) Laurdag til søndag, enkeltrom Kr. 1.885,- pr. person
(Inkluderar reisefordeling, middag laurdag, frukost og lunsj søndag)
B) Laurdag til søndag, dobbeltrom Kr. 1.680,- pr. person
(Inkluderar reisefordeling, lunsj og middag laurdag, frukost og lunsj søndag)
C) Fredag til Søndag enkeltrom kr. 2.910,- pr. person (Inkluderer reisefordeling, middag fredag, 3 måltid laurdag, frukost og lunsj søndag)
D) Fredag til Søndag dobbeltrom kr. 2.310,- pr. person (Inkluderer reisefordeling, middag fredag, 3 måltid. laurdag, frukost og lunsj søndag)