Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Sogn og Fjordane / Lokallagssamling på Skei
Støtt oss

Lokallagssamling på Skei


Skrevet av: Sogn og fjordane / Publisert: 12.11.2017 / Oppdatert: 17.10.2022


Korleis NRF skal få unge revmatikarar med i organisasjonen, var eit sentralt tema under lokallagssamlinga på Skei 4. og 5. november i år.

Berre ni av dei 15 lokallaga i fylket var representerte på lokallagssamlinga i år. Medrekna dei som møtte frå fylkesstyret, samt sekretæren vår, Berit, var me 23 personar denne gongen.

Tidlegare år har lokallagsamlinga vara frå fredag ettermiddag til lunsj på søndag. I år reduserte me frå to til ei overnatting ved at samlinga byrja laurdag føremiddag.

Laurdagen vart i si heilheit nytta til fire tema der det var invitert innleiarar utanfrå.

Rekruttering

Det ser ut til å vera ein fellesnemnar i alle lokallaga at dei slit med å får rekruttert nye medlemer. Og særleg er det ungdomane me saknar. Blant dei knappe 1.100 NRF-medlemene i fylket, er det eit veldig lite tal BURG-medlemer.

I 2016 var det valt ein eigen BURG-kontakt i fylkesstyret. Ho prøvde å få med seg lokallaga på eit opplegg for å få rekruttert unge revmatikarar. Men ho fekk liten respons på initiativet.

Også på lokallagssamlinga i haust kom spørsmålet om korleis me skal få med oss dei unge opp.

Fylkesstyret må laga ein plan for dette, var eit av innspels på samlinga. Det skal sjølvsagt fylkesstyret prøva på, men då må styret få tips frå medlemene i lokallaga på kva aktivitetar som kan vera aktuelle.

Meir frå lokallagssamlinga kan du lesa i neste nummer av «Giktspretten», som kjem ut i desember.