Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Sogn og Fjordane / Medlemsmøte i Årdal
Støtt oss

Medlemsmøte i Årdal


Skrevet av: Sogn og fjordane / Publisert: 17.04.2016 / Oppdatert: 16.09.2016


Årdal Revmatikerforening hadde medlemsmøte onsdag 13. april.

I underkant av 20 medlemer møtte fram til medlemsmøtet på eldresenteret i Øvre Årdal onsdag 13. april. I minste laget kanskje, men sidan det var meir enn fem veker sidan innbydingsbrevet var send ut, og at me hadde gløymt å skriva klokkelslett i brevet, får me vel seia at frammøtet var bra.

Ordførar Arild Ingar Lægreid var med på møtet. I staden for halda innlegg, valde han å snakka med medlemene. Noko det såg ut til at vart sett pris på. Han gav oss mellom anna ei forsikring om at han vil be administrasjonen kome i gang med planlegging av bassengutbetringa på Tangen skule.

Medlemstur

Elles vart det snakka litt om kva som rører seg i fylkeslaget, og litt frå årsmøtet me hadde i mars.

Det var stemming for å leggja medlemsturen i juni til onsdag 15. juni. I brevet me sende ut tidlegare i vår hadde me antyda enten måndag 13. eller onsdag 15. juni. Den går til Jostedalen. Først ein tur innom Breheimssenteret og Jostedalen hotell, før det blir ein tur til Lustrabadet i Gaupne på tilbaketuren.