Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Sogn og Fjordane / Sjukt Aktiv-kurs i mars
Støtt oss

Sjukt Aktiv-kurs i mars


Skrevet av: Sogn og Fjordane / Publisert: 24.01.2017 / Oppdatert: 24.01.2017


Det blir Sjukt Aktiv-kurs på Thon Hotel Jølster på Skei i helga 10.-12.mars

Vi inviterar deg mellom 30-55 år til mestringskurset SyktAktiv.

Dette er eit nytt mestringskurs der du lærer å bruke fysisk aktivitet som medisin. I kurset fokuserar ein på frisklivsfaktorar som gjer at du kan bruke dine resurssar, og nå måla dine.  Kurset hjelper deg til å lære deg å balanserer dine eigne behov frå omverdenen. Du vil møte andre som er i same situasjon, og du vil få inspirasjon gjennom andre sine erfaringar. I tillegg får du verktøy til å kunne starte ei aktivitetsgruppe, slik at du kan vere med og inspirere andre til å ha eit friskare og meir aktivt liv.

Kurset vert halde av Frisklivsagentane våre, Gro Anita Vagstad Olsen og John Ole Johnsen.

Kurset blir på Thon Hotell Jølster 10.-12. mars, start fredag kl.1400

Pris på overnatting fredag-søndag :

Kr. 2850,- for 2 døgn i enkeltrom ( inkl mat og kurs )                                                           

Kr. 4480,- for 2 døgn , 2 pers, i dbl rom ( inkl mat og kurs )

Eigenandel for medlemmar i NRF : Kr 1000,- (Nrf Fylkeslag sponsar med kr. 1850,- for enkeltrom og 1240,- pr.pers.i dbl.rom.)

Dagpakke : Kr.455,- (for medlemmar vert dette sponsa av NRF Fylkeslag )

Som de ser, så må dei som ikkje er medlem betale alt sjølv. Dersom nokon har lyst å melde seg inni NRF, er de velkomne til det. Pris på medlemskap i 2017 er kr. 470,- Gå innpå revmatiker.no og les om fleire fordelar ved eit medlemskap i NRF.

Programmet for helga er ikkje klart endå, så det vil de få ettersendt. Er det noko de lurer på, ta kontakt med ein av Frisklivsagentane våre:  Gro Anita Vagstad Olsen, tlf : 90 91 80 76   epost : gro-anol@online.no  eller John Ole Johnsen, tlf : 99 45 73 93  epost : joljohns@online.no

Påmeldingfrist: 13.februar.     

De vil få faktura på deltakinga frå Fylkesstyret.

Du melder deg på til : styremedlem1.sf@revmatiker.org  eller tlf: 91 18 26 70

Velkomen til ei kjekk helg på Skei ilag med John Ole og Gro Anita

Mvh

Bodil Hammersland             Kontaktperson mellom Fylkesstyret og Frisklivsagentane