Det blir Sjukt Aktiv-kurs på Thon hotel Jølster i helga 16. til 18. september.
Biletetekst: Frisklivsagentane i NRF Sogn og Fjordane fylkeslag, Gro-Anita Vagstad Olsen og John Ole Johnsen. (Foto: Kjell Eldegard)
Vi inviterar deg mellom 30-55 år til mestringskurset Sykt Aktiv.
Dette er eit nytt mestringskurs der du lærer å bruke fysisk aktivitet som medisin. I kurset fokuserar ein på frisklivsfaktorar som gjer at du kan bruke dine resurssar, og nå måla dine. Kurset hjelper deg til å lære deg å balansere dine eigne behov frå omverda. Du vil møte andre som er i same situasjon, og du vil få inspirasjon gjennom andre sine erfaringar.
I tillegg får du verktøy til å kunne starte ei aktivitetsgruppe, slik at du kan vere med og inspirere andre til å ha eit friskare og meir aktivt liv.
Kurset vert halde av Frisklivsagentane våre, Gro –Anita Vagstad Olsen og John Ole Johnsen. Kurset vert på Thon Hotel Jølster 16.-18. september, start fredag kl.1400
Prisar på overnatting fredag-søndag :
Kr.2790,- for 2 døgn i enkeltrom ( inkl mat og kurs )
Eigenandel for medlemmar i NRF : Kr. 1000,- ( Nrf Fylkeslag sponsar med kr. 1790,- )
Dagpakke : kr.440,- ( for medlemmar vert dette sponsa av Nrf Fylkeslag )
Som de ser, så må dei som ikkje er medlem betale alt sjølve. Dersom nokon har lyst å melde seg inni NRF, er det frå 1.juli halv pris på medlemskontigenten. ( dvs kr. 235,- ). Gå inn på revmatiker.no og les om fleire fordelar ved eit medlemskap i NRF.
Programmet for helga , er ikkje heilt klart endå, så det vil de få ettersendt. Er det noko de lurer på, ta kontakt med ein av Frisklivsagentane våre:
- Gro-Anita Vagstad Olsen, tlf : 90 91 80 76, epost : gro-anol@online.no
- John Ole Johnsen, tlf : 99 45 73 93, epost : joljohns@online.no
Påmeldingsfrist : 15. august.
Du melder deg på til : styremedlem1.sf@revmatiker.org eller tlf : 911 82 670
Du vil få faktura på deltakinga frå Fylkeskontoret.
Velkomen til ei triveleg og kjekk helg på Skei i lag med Gro-Anita og John Ole J.
Mvh
Bodil Hammersland
– kontaktperson mellom NRF Fylkesstyret og Frisklivsagentane.