Her er informasjon om noko av det Sogndal og Leikanger Revmatikerforening driv med.
Laget vart skipa i 1983 og har no om lag 100 medlemer frå kommunane Sogndal og Leikanger.
Varmtvassbading
Me har som hovudaktivitet bade- og treningstilbud i Sogndal svømmehall. Der kjøper me tenestene hjå fylkeskommunen, som skaffar oss badevakter som studerer helse og idrett ved høgskulen.
Badetilbodet er ope for alle som har nytte av å få trene i det varme vatnet på om lag 34 grader. Bassenget er ope i for oss i 2 timar og sjølve treninga er på ca 40 minuttar Det er også badstove tilgjengeleg for dei som ønskjer det.
Me samarbeider med Sogn frisklivssentral som bruker tilbodet for sine medlemmer.
Hausten 2021 / våren 2022 Sundag kl 11 – 13
Hausten 2021 Våren 2022
5 Sept 16 Jan
19 Sept 30 Jan
3 Okt 13 Febr
17 Okt 27 Febr
31 Okt 13 Mars
14 Nov 27 Mars
28 Nov
12 Des
Andre aktivitetar
Me har også i mange år arrangert bade-og dansetur til Skei 1-2 gonger pr. år.
Etter kvar badesesong har me invitert til felles middag.
Me sender også delegatar/medlemer til arrangement som Fylkeslaget arrangerer.