Vil du vera med på tur ? Turen går til Moster Amfi med felles buss frå Stord Rådhus, kl.17.00. Bussen går attende kl.20.30. Du kan ta med deg ein ledsager om du vil. Det er plass til mange, men det er først til mølla. Så det er berre å melde seg på!
«Frå Heidendom til Kristendom»
Det blir omvisning og foredrag med guide.
Deretter får me servert varm suppe; «Tora Mostratong si kjærleikssuppe».
Det meste foregår inne, så me er ikkje så avhengige av vèret.
Bussen stoppar like ved lokalet der både utstilling og serveringa blir.
«Velkommen inn i Steinrike Bømlo»
Etter mat blir det omvisning i gruva. Der kan det kanskje vera litt kaldt, så det er lurt med ein god jakke.
Etter denne omvisninga, og før me set oss på bussen heim, blir det servert kaffi med litt søtt til!
Bussen går attende til Stord Rådhus ca.20.30.
Medlemmer på Bømlo er spesielt inviterte, og kan plukkast opp v/Gassasund om det passar.
Påmelding innan 20.mai.
Send epost til; styreleder.stord@gmail.com eller på sms til 91756509
Hugs å gje beskjed om matintoleranse eller allergiar.
- Opplys gjerne om du er medlem.
- Opplys om du vil bli henta ved Gassasundet, kl.17.15
Pris:
for buss, omvisning og servering vert kr. 300,- for medlemmer / kr. 450,- for ikkje- medlemmer
Dette skal bli kjekt. Ver velkommen alle!