Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Møre og Romsdal / Spleis til inntekt for Reuma-Sol eigedomsselskap
Støtt oss

Spleis til inntekt for Reuma-Sol eigedomsselskap


Skrevet av: Volda/Ørsta / Publisert: 20.07.2020 / Oppdatert: 20.07.2020


Eit forsøk på å behalde den flotte eigendomen NRF har i Spania.

 

NRF har no meldt oppbud på Reuma-Sol. Dvs. at anlegget er i ferd med å verte stengt ned og avslutta.

Få hadde vel sett for seg at Covid-19 skulle ramme Reuma-Sol så hardt. Dette går utover alle som har effekt av behandling og trening i utlandet. Det vere seg grupper organisasjonen har stått for, enkeltpersonar og barnegruppene frå Rikshospitalet.

Spleisen går først og fremst ut på å kunne behalde eigedommen på 20 mål med 44 leilegheiter, 34 hotellrom, fysioterapiavdeling og aktivitetshuset, tre basseng, restaurant osv.

Spleisen er frivillig, og dei som kjenner på at «alt som gjerast kan» må prøvast, kan gjerne støtte den.

Klikk på lenka under så kjem du til Spleisen, eller betal til kontonr. 3936 20 18025. Kor mykje du vil bidra med bestemmer du sjølv «Alle monner drar».

https://spleis.no/115660