Ei heilheitleg og lett forståeleg formidling av korleis vi kan stimulere «den tiande hjernenerven», og redusere stress, uro og smerter.
Sett av onsdag 21. oktober kl. 18:00-20:00! Då kjem den kjende nevrorefleksologen Annette Løno til Stord Kulturhus for å halde kurs om ny forsking og erfaringar med vår viktigaste og mest komplekse nerve.
Dei seinare åra har ny forskning og erfaringsbasert kunnskap vist at vagusnerven er viktigere for helsa vår enn vi tidlegare har trudd. Den fungerer som ein to-vegskommunikasjon mellom hjerna og indre organ, inklusivt bindevevet og immunsystemet, og styrer kroppen sin kvile- og fordøyings-respons. Vagusnerven har òg med inflammatoriske sjukdomar å gjere.
Løno er dagleg leiar for Nervusklinikken i Stavanger, og har nyleg gitt ut bok om vagusnerven saman med kollega og lege Torkil Færø (FRISK forlag, 2025).
Det blir føredrag kombinert med enkle eksempel på øvingar, samt høve til å stille spørsmål og kjøpe bok.
Stad: Småsalen, Stord kulturhus
Bestill billettar via Stord kulturhus si nettside.
Pris:
Medlemer i SHL revmatikarlag: 150,-
Andre: 300,-