Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Møre og Romsdal / Vårtur 2019 til Reuma-Sol senter i Spania
Støtt oss

Vårtur 2019 til Reuma-Sol senter i Spania


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 30.10.2018 / Oppdatert: 17.01.2019


Vårtur 2019 til Reuma-Sol senter i Spania

Meld deg på til 4. mai då er det avreise med direkte fly frå Ålesund (to veker) eller om Gardermoen frå Molde og Kristiansund

NRF Møre og Romsdal fylkeslag har gleda av å invitere deg på tur med tilbod om fellesskap, spansk kultur, helse og trivsel. Reuma-Sol er Norsk Revmatikerforbund sitt senter i Alfaz Del Pi i Spania. Flyplassen er i Alicante og gruppeleiar er med på turen. Påmeldingsfristen er sett til 1. desember.

Leilegheit to veker med (to soverom)

  • to personar   kr 12 650 per person
  • tre personar kr 9575 per person
  • Tillegg B-leilegheit med to bad kr 1100 i e-rom og kr 300 per person med tre i same leilegheit

Pensjon – halv pensjon (frukost og middag) kr 1300 per veke

Hotell to veker som inkluderer frukost

  • Enkeltrom       kr 16 450
  • Dobbeltrom    kr 11 960 per person

Pensjon hotell kr 950 per veke (middag)

Prisane inkluderer reise (tur/retur), transfer Alicante-Reuma-Sol og opphald for medlemmer. Ikkje medlemmer får eit tillegg i prisen. Bestill behandling hos fysioterapeut, du treng ikkje rekvisisjon frå lege, men ei tilråding frå lege kan vere ein fordel å ta med. Du må forskottere utgifter til behandlingane sjølv, og innan eit halvt år sende krav om refusjon til Helfo på eige skjema som Reuma-Sol hjelper deg med. Reuma-Sol har fleire tilbod du kan bruke utan rekvisisjon. Bassenget, apparat i gymnastikksalen, tur i området, avspenning og styrketrening.

Medlemmer kan søkje NRFs solidaritetsfond som du finn på www.revmatiker.no