Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Møre og Romsdal / Vårtur mai 2020 til Reuma-Sol med konferansedagar
Støtt oss

Vårtur mai 2020 til Reuma-Sol med konferansedagar


Skrevet av: Møre og Romsdal / Publisert: 24.10.2019 / Oppdatert: 02.06.2020


Vårtur mai 2020 til Reuma-Sol med konferansedagar

Konferansen har tema "nevropati og revmatiske sjukdommar". Vi ser fram til fantastiske dagar med meir læring, spansk kultur, opplevingar, trivsel og sosiale treff.

Den 9. mai er det avreise til Reuma-Sol med direkte fly frå Ålesund eller om Gardermoen. Hovudgruppa vil vere i 14 dagar.  I dagane 11.-13. mai med svelefest den 14. blir det konferanse med eit viktig tema «Nevropati og revmatiske sjukdomar». Overlegane Marianne Klokk og Clive Bachelor vil vere informatørar, fysioterapeut frå Reuma-Sol med teori og praksis, og vår eigen NRF dag. Ta med feiring av 17. mai som er ein fantastisk dag på Reuma-Sol med arrangement i Alfaz Del Pi.

Ta kontakt på e-post kho@revmatiker.no for påmelding! Fristen er 1. desember. Etter det kan prisane bli justert. Møre og Romsdal fylkeslag er arrangør.

Leilegheit to veker (to soverom)

  • to personar   kr 12 650 per person
  • tre personar kr 9575 per person
  • Tillegg B-leilegheit med to bad per veke: kr 900 i e-rom og kr 350 per person med tre i same leilegheit

Leilegheit ei veke

  • to personar   kr 8750 per person
  • tre personar kr 7585 per person

Pensjon kr 195 per dag, frukost og middag

Hotell to veker som inkluderer frukost

  • Enkeltrom        kr 16 450
  • Dobbeltrom     kr 11 960 per person

Hotell ei veker som inkluderer frukost

  • Enkeltrom        kr 9975
  • Dobbeltrom     kr 8650 per person

Pensjon hotell kr 110 (middag)

  • Prisane inkluderer flyreise (tur/retur), transfer Alicante-Reuma-Sol og opphald for medlemmer
  • Ikkje medlemmer, tillegg i prisen
  • Bestill behandling hos fysioterapeut, du treng ikkje rekvisisjon frå lege, men ta gjerne med tilråding til fleire behandlingar per veke.
  • Du må forskottere utgifter til behandlingane sjølv, og innan eit halvt år sende krav om refusjon til Helfo på eige skjema som Reuma-Sol hjelper deg med
  • Reuma-Sol har fleire tilbod du kan bruke utan rekvisisjon. Bassenget, apparat i gymnastikksalen, tur i området, avspenning og styrketrening.
  • Medlemmer kan søkje NRFs solidaritetsfond, reise og opphald,
  • 1. januar, 1. april, 1. juli og 1. oktober. Til dekning av eigendel ved fysikalsk behandling, så sender du krav om eigendelen som du får frå Helfo. (ingen søknad) https://www.revmatiker.no/
  • Fleire lokallag har avsett midlar der du kan søkje om støtte. Ta kontakt med ditt lokallag for informasjon.
  • Du kan vere ei veke, to eller tre