Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Sogn og Fjordane / Velkomen til lokallagssamlinga
Støtt oss

Velkomen til lokallagssamlinga


Skrevet av: Sogn og fjordane / Publisert: 24.09.2016 / Oppdatert: 24.09.2016


Lokallagssamlinga i haust går av stabelen på Thon hotel Jølster 5. til 6. november. Påmeldingsfristen er sett til fredag 7. oktober.

Bildetekst: Den nye fylkessekretæren vår, Berit Berger-Nilsen (t.v.), deltok på styremøtet på Skei 13. september. Dei andre på biletet er Anita Æsøy, Edel Olstad og Jorunn Hestad.

Nok ein gong har vi i fylkesstyret gleda av å invitere dykk til lokallagsamling på Skei. Samlinga får eit variert fagleg og sosialt innhalld, sjå berre her:

Vi har vore heldige å få med oss lege Terje Kjer til å snakke om smertemeistring. Frisklivsentralen i Sogn vil fortelje oss om erfaringane dei har fått på smertemeistringskurset som no i sept blir arrangert i Gaupne. Merethe Vedvik fra Eid har teke utdanning i Mindfulness og vil fortelje oss om korleis dette kan være til nytte for oss revmatikere.
Vi vil også få besøk av Tone Sandvik som er fylkessekretær for FFO og som kan fortelje oss nytt derifrå og kva dei kan gjere for oss i NRF
Ralf Johannesen er fylkessleiar i Fagforbundet Sogn og Fjordane. Han kjem på søndag og vil fortelje oss om organisasjonsarbeid. Å være organisert kan være det same uansett kvafor organisasjon ein er medlem av. Og vi har alltid noko å lære av kvarandre.

Fylkessekretæren kjem

 Vi har no fått tilsett ny fylkessekretær. Ho heiter Berit Berger-Nilsen og byrjar i jobben måndag 17. oktober Søndag skal vi få helse på henne, der ho vil presentere seg for deltakarane på samlinga.
Det er også sett av tid til å prate i lag og utveksla ideàr og erfaringer kring arbeidet ute i lokallaga.

Vi har bestemt at også denne gongen kan kome to personer til prisen for ein. Dette for at vi håpar at alle lokallaga sender minst to deltakarar fra laget dykkar.

Påmelding

Ettersom vi ikkje byrjar før kl 1030 laurdag håpar vi at så mange som mogeleg kjem seg fram utan å måtte kome på fredag. Men vi har sikra nokre rom på hotellet for dykk som synes det blir for langt å reise fram på dagen.

Pris pr pers fra fredag til søndag,  inkludert heilpensjon i enkeltrom: kr 3.440.-, i dobbeltrom: kr 2.860.-
Pris pr person fra laurdag til søndag, inkludert heilpensjon i enkeltrom : kr 2.410.-, i dobbeltrom: kr 2.020.-

For dei som ikkje ønsker overnatting blir prisen kr 1.050.- pr. dag.
Prisane er også inkluderte reisefordeling og dekking av utgifter til førelesningane.

Påmelding seinast fredag 7.10. til: Fotedel@online.no

Meir om både programmet for samlinga og detaljar rundt påmelding og betaling er sendt per epost til alle lokallaga.
Ta gjerne kontakt med meg på mobil 900 42 682 dersom det er noko som er uklart.

Mvh

Styret i NRF Sogn og Fjordane

Edel Olstad
leiar