Bli med på tur til Reuma-Sol der fellesskap, spansk kultur, helse og trivsel er dagleg program.
NRF Møre og Romsdal fylkeslag arrangerer treff med avreise laurdag 4. mai. Du kan vere ei veke eller to veker.
Fibromyalgitreffet har program med både fysisk aktivitet, foredrag og turar.
Måndag 6. mai informasjon ved overlege Marianne Klokk
Tysdag 7. mai informasjon ved fysioterapeut frå Reuma-Sol
Onsdag 8. mai aktuelle saker i NRF og fibromyalgigruppa i Møre og Romsdal
Torsdag 9. mai – som tradisjonen er – svelefest. Detaljert program seinare.
Reuma-Sol er ope for alle! I tillegg til programmet kan du ta individuell behandling med fysioterapeut. Det er nytt utstyr i gymnastikksalen og oppvarma basseng. Gruppeleiar blir med på turen.
Send ei melding til kho@revmatiker.no for meir infomasjon og skjema for påmelding. Fristen er 1. desember. Ta gjerne ein prat med fylkeskontakta for fibromyalgi på telefon 91548625.