No manglar vi folk som kan stille til val på årsmøtet onsdag 25 februar. Det kan medføre at vi må redusere aktiviteten vår og dermed tilbodet vi har pr. i dag. Difor sender eg ut denne oppmodinga til deg: Bli med og gjer ein dugnad for laget ditt, og still til val den 25.02.! Vi håpar å høyre frå deg! Har du spørsmål? Ring mobil 97187186
Laget har stor aktivitet med sju-grupper på bassengtrening. Det er supert for alle med revmatiske lidingar, ja, heilt avgjerande for å fungere, seier mange. For å halde dette tilbodet oppe, treng vi eit styre på 7 medlemer, slik at oppgåvene kan fordelast. Då blir arbeidet overkommeleg! Vi er innstilte på å rullere og dele på dei mest krevjande oppgåvene.
Vi har hatt 8 styremøter i året 2025-26, og dei har vore interessante og trivelege! Basar-arbeidet er redusert, og medlemsturar vil bli kombinert med kurs og aktivitet.
Vi håpar å høyre frå deg!
Med optimistisk helsing
Johanne Øvstebø Tvedten
leiar