Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Sogn og Fjordane / Vil ha listekandidatar i tale
Støtt oss

Vil ha listekandidatar i tale


Skrevet av: Sogn og fjordane / Publisert: 09.11.2018 / Oppdatert: 09.11.2018


Første dagen av lokallagssamlinga til NRF i Sogn og Fjordane vart nytta til å drøfta korleis ein kan få dei som stiller som kandidatar ved lokallvalet i 2019 i tale. Og kva saker me vil dei skal ta tak i.

Om lag 20 deltakarar frå lokallaga til  NRF i Sogn og Fjordane har samling på Thon hotell i Jølster fredag 9. og laurdag 10. november. Fredag var det på påverknadsarbeid overfor politikarar som stod på dagsordenen.

Det er som kjent kommune- og fylkestingsval i september 2019, og i framkant av dette har NRF laga eit eige opplegg for korleis me skal bli høyrde. Både i tida fram mot valet, og i den neste fireårsperioden.

Friskliv – for ein betre kvardag er  slagordet NRF har valt for denne satsinga, og på lokallagssamlinga var interessepolitisk rådgjevar Julie Ness i NRF på plass for å snakka om interesspolitikk. Og arbeid opp mot dei folkevalde.

Idémyldring

Meir om både dette med interessepolitikk og dei andre sakene som var oppe på lokallagssamlinga vil koma i Giktspretten som kjem i postkassane til medlemene i desember månad.

Laurdag skal dei som er med på samlinga mellom anna få høyra om kva fermentering av matvarer går ut på. Det blir også ei orientering om studieforbundet Funkis, samt at ei av dei som nyleg var på NRF sin behandlingsstad i Spania, Reuma-Sol, vil fortelja litt derifra.

Sist, men ikkje minst; det er sett av tid til idémyldring. Som kjent er det slik at når sopass mange er samla, er det eit fint høve til både å utveksla idear og kanskje tenkja nye tankar.